10 millionar kroner til nytt pilotprosjekt for eksport av norske dataspel

Norway Voice / Oslo / I dag vert pilotprosjektet Spill ut i verden lansert.

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet, Norsk filminstitutt og Innovasjon Norge.

Programmet skal støtte norske dataspelverksemder som har internasjonale ambisjonar og vekstpotensial med kunnskap og kapital.

Kultur er ei vekstnæring, norsk kunst og kultur styrker den norske konkurransekrafta på verdsmarknaden, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Kulturdepartementet og Innovasjon Norge bidrar med fem millionar kroner kvar til eit nytt pilotprosjekt for eksport av norske dataspel.

Det er fyrste gong Innovasjon Norge får eit oppdrag frå Kulturdepartementet, seier næringsminister Monica Mæland.

Torsdag innleidde kulturminister Widvey og næringsminister Mæland under det første møtet i Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring.

Dataspel er ein bransje i vekst, der vi no får til eit tettare næringsretta samarbeid mellom Kulturdepartementet, Filminstituttet og Innovasjon Norge.

Spill ut i verden skal etter planen lanserast i 2016. Målet er auka omsetning og eksport, seier kulturminister Widvey.

Globalisering og digitalisering fører til enklare tilgang til nye marknader, kundar og leverandørar.

Likevel er eksporten liten for dei norske kulturelle og krative bransjane. Spill ut i verden har eit stort potensiale, seier direktør for Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth.

Innovasjon Norge skal utforme innhaldet i pilotprogrammet i samråd med Kulturdepartementet, Norsk filminstitutt og bransjen.

Norway Voice
Ina / Kud
Alazawi, Wisam

منشورات ذات علاقة

اترك تعليقاً

لن يتم نشر عنوان بريدك الإلكتروني. الحقول الإلزامية مشار إليها بـ *